Diverse

Havila Service

Med fleire nye og større selskap i Havila-gruppa, såg ein behovet og mulegheitene for å samordne støttefunksjonar. Område som crewing, rekneskap og økonomi for fleire selskap i Havila-gruppa vart i 2020 samla i eit felles selskap; Havila Service.

Gjennom å samle dei tilsette i eit felles selskap vil ein få større fagmiljø, få til auka grad av spesialisering og heva kompetanse mellom dei tilsette. Det vert enklare å få til god og tilpassa bruk av medarbeidarane gjennom skiftande tider, og slik vil selskapet også vere med på å sikre arbeidsplassar.

Av og til seglar det forbi ei mulegheit som må gripast.

I Havila Holding er ein nysgjerrig på ny teknologi og nye retningar. Det må ein vere for å utvikle seg som selskap – og for å utvikle samfunnet.

Havila Holding har det meste av investeringane sine i segmenta offshore/fiskeri, turisme, skipsteknologi, transport, eigedom og media, men har også spreidd investeringar og interesser på andre felt.

Desse investeringane gjeld både nyskaping og verdiskaping. I denne posten finn ein også investeringar som er gjort der utvikling av lokalsamfunn er tenkt på som ein viktig del av gevinsten.