Media

Teknologi og demokrati er to stikkord bak Havila Holding sine medie-investeringar.

I Havila er ein ikkje framand for å vere fremst og bryte nye bårer. Mulegheitene i ny teknologi førte ein inn i selskapet som driv never.no, eit selskap som mellom anna driv med interaktivitet mellom TV-kanalar og sjåarar.

Forståing for media sin plass i eit velfungerande demokrati og kor viktig det er med ulike stemmer som kan fortelje frå samfunnet, var ei av årsakene til at ein gjekk inn i Mellom Bakkar og Berg AS. Det er selskapet som driv nett.no, ei digital næringslivsavis for Sunnmøre og Nordfjord som vart starta i 2013.