Offshore/Fiskeri

Havet har aldri vore ei hindring for folk på forblåste holmar. Havet er mulegheiter og havet er framtid. Havet er rikdom og føde. Liv og lengt.

Havila Holding har røtene sine i fiskeri og ei historie med dryss av sildereksl.

Grunnleggaren, Per Sævik, vaks opp i fjøra og vart skipper på eiga skute då han var nykonfirmert.

Sidan handla det om fisk. Sild, makrell og lodde. Nye felt, nye metodar og nye mulegheiter. Per sto til rors i ein mannsalder, så, i 1981, baud mulegheita seg i offshore. No tok han styringa i Sævik Supply og førte selskapet inn i oljealderen. Den vesle kystbyen Fosnavåg vart Norges største offshoreby med fleire offshorereiarlag og der fleire av dei hadde utspring frå Sævik-reiarlaga. Og i 2003 vart dagens Havila Shipping etablert.

Havila Shipping driv i dag over tjue fartøy innan subsea og ankerhandtering, forsyning og områdeberedskap. Selskapet har lange tradisjonar og Sævik-familien har i snart 40 år drive reiarlag med supplytenester til offshore-selskap, nasjonalt og internasjonalt.  

Oljenæringa var gjennom tøffe tak på 2010-talet, men også då såg Havila mulegheiter og gjekk i 2017 inn i Volstad Maritime, for å satse vidare på offshore.

Havila vil vere på havet. Hauste og skape.