Skipsteknologi

For den som har drive med båtar heile livet, er det ikkje så unaturleg å tenke at ein også skal bygge båtar.

Etter salet av Sævik Supply i 1997 står ein ved eit vegskilje. Ei mulegheit som baud seg var å kjøpe eit skipsverft. Og når ein har skipsverft, så kan det byggast båtar. Så var ein i gang igjen også med å bygge eit nytt reiarlag.

I 2000 tek Havila over Havyard Leirvik. Verftet ytst i Sognefjorden er starten på det som skal bli skipsteknologikonsernet Havyard Group. Nokre år seinare kjøper ein også eit skipsdesignselskap. Ein ville vere med i heile verdikjeda, kome tettare på kundane og ha fleire bein å stå på.

I 2014 vert Hayvard Group børsnotert.

Havyard Group ASA er i dag eit konsern med fleire forretningsområde; Shipbuilding Technology, verftet der det starta, Design & Solutions, Power & Control og Productions & Services.

Havyard Group har snart 600 fast tilsette på fleire stader langs norskekysten i tillegg til utanlandske avdelingar.