Transport

Når Havila Holding skal rydde nytt land, så handlar det som oftast om den blå åkeren.

Erfaringar frå fiskeri, hav og båt la grunnlag for å gå vidare med sjøtransport, og vestlendingar har til alle tider hatt god kontakt i vesterled. På Færøyane var Havila kjende med folk og mulegheiter. Gjennom selskapet Skansabrekka gjekk ein inn i Smyril Line som fraktar passasjerar og bilar mellom Island, Færøyane og Danmark med MS Norrøna medan Smyril Line Cargo har fleire frakteskip for gods.

Det neste steget innan sjøtransport vart Fjord1. Havila-konsernet får hand om alle aksjane og tek selskapet på børs i 2017. Men Havila Holding vil vere ein langsiktig eigar og beheld kontrollen med fleirtalet av aksjane.

Eigarposten i Fjord1 og ferjetrafikk for kvardagsreiser gir også inngang til andre typar reiser og reiseliv. Gjennom Fjord1 har Havila Holding eigarskap i Fjord Tours, The Fjords og WF Holding.

Fjord Tours AS er eit selskap som tilbyr rundreiser i Norge med tog, båt og buss. Selskapet er spesielt kjent for turen «Norge i et nøtteskall». Billetten er fleksibel og du kan stoppe undervegs og nyte nokre ekstra dagar der du måtte ønske.

The Fjords skal styrke fjordopplevinga for dei mange som besøker Fjord-Norge. The Fjords er spesielt kjent for el-skipa «Visions of the Fjords» og “Future of the Fjords”, passasjerkatamaranar med nyskapande design som sender turistane på miljøvenlege fjordcruise.

WF Holding er eigarselskap for flyselskapet Widerøe. Widerøe flyg regionale og lokale flyruter på Vestlandet og i Nord-Norge i tillegg til nokre ruter til utlandet. Widerøe knyter stader og folk saman og vil gjere det muleg for folk å skape og bu der dei vil.

Med ferjer og fly, godsfrakt og passasjertransport i selskapet, så var Havila Holding klar for det som vert det nye flaggskipet i satsinga på turisme og transport; Havila Kystruten som skal trafikkere kystruta mellom Bergen og Kirkenes med fire skip frå januar 2021.

Havila Holding har teke i bruk nok ein del av den blå åkeren.

Til nytte og gagn.