Turisme

Ei reise i vesterled var starten på Havila Holding si reiselivssatsing. Og no er selskapet inne i reiseliv til lands, til vanns og i lufta med.

Mulegheitene baud seg. Og ein greip mulegheita. Det var slik det starta også med reiseliv.

Frå tida som fiskar hadde Per Sævik kjentfolk på Færøyane med det same verdigrunnlaget som han sjølv og med det same blikket for mulegheiter. Det var starten på samarbeid om fiskeri og offshore, og seinare ei felles satsing på hotell i Torshavn der ein no er inne i både Hotel Hafnia og Hotel Brandan i hovudstaden Torshavn. Ut frå Færøyane dukka ho også opp mulegheita til å gå inn i Smyril Line, som fraktar passasjerar og gods mellom Island og Færøyane og resten av Europa.

 

Passasjerfrakt og hotell vert stikkord i den vidare satsinga på reiseliv.

Kjøpet av Fjord1 betyr ikkje berre kvardagsreiser på norske fjordar, men også reiser for turistar. Gjennom Fjord1 vert Havila Holding medeigar i selskapa Fjord Tours og The Fjords som driv med turisttrafikk på norske fjordar. Kjøpet av Fjord1 gjer i tillegg Havila til medeigar i flyselskapet Widerøe.

I heimbyen Fosnavåg er Havila med på bygginga av det som vert Thon Hotel Fosnavåg. Så kjøper ein hotell i Ørsta, Hornindal og Geiranger, og Havila Hotels kan dermed tilby overnatting og opplevingar frå fjell til fjord og fjøre.

Thon Hotel Fosnavåg ligg på kaia ved Fosnavåg hamn. Hotellet har 115 rom, konferanse- og møterom i tillegg til eigen restaurant med utsikt til hamna og båttrafikken. Saman med hotellet er også parkeringshus, konserthus og kinosal.

Havila Hotel Ivar Aasen ligg midt i Ørsta sentrum, omkransa av spisse sunnmørsfjell inst i fjorden. Hotellet har 72 rom, konferansesalar og møterom i tillegg til restauranten Symra.

Havila Hotel Raftevold ligg i Hornindal like ved Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø. Hotellet har 44 rom, konferanse og møterom i tillegg til restauranten «Dølen Eteri».

Havila Hotel Geiranger ligg ved sjøkanten i verdsarvfjorden Geiranger. Hotellet har 146 rom, buffet- og a la carte-restaurant og mellom anna utleige av mini-elbil som du kan utforske Geiranger med.

 

Då Sævik-familien tok steget frå fiskeri til offshore, var kunnskapen om havet og kunnskapen om å drive båt ein viktig kapital. Det same gjeld når Havila Holding tek sitt siste og hittil største steg innan reiseliv; Kystruten.

Havila Kystruten skal drive fire av skipa som går den tradisjonsrike kystruta mellom Bergen og Kirkenes. Fortsatt er ruta ein del av kvardagen for innbyggarane langs norskekysten, men i tillegg kjem stadig fleire reisande frå heile verda for å oppleve salte vindar, nakne kystknausar og den reine naturen.  

Havila Kystruten sine nye skip vert dei mest miljøvenlege skipa på denne seglasen. Med verdas største batteripakkar om bord kan dei segle utsleppsfritt mellom anna gjennom verdsarvområdet Geirangerfjorden. Kvart skip har plass til nær 500 passasjerar.