OHI Eigedom er eigarselskap for to bygg i Hjørungavåg i Hareid kommune.
Det eine bygget er eit tre etasjar høgt kontorbygg frå 2008 på om lag 4.100 kvadratmeter der Kongsberg Maritime held til. Frå hausten 2024 blir første etasje med 30 kontorplassar ledig for utleige. Dette gjeld cellekontor med tilhøyrande møterom og t-kjøkken i plan 1.
OHI Eigedom eig også ein industrihall på same området. Hallen vart bygd i 1997. Den om lag 9.000 kvadratmeter store betonghallen har store portar og traverskraner. Hallen er delt inn i ulike område som kan brukast både til industriproduksjon og lager, og kan leigast samla eller kvar for seg.
Er du interessert i å leige lokale i kontorbygget eller hallen, kontakt eigedomsforvaltar Robert Myklebust
Robert.myklebust@havila.no
Tlf 990 95 251