Skipsteknologi

For den som har drive med båtar heile livet, er det ikkje så unaturleg å tenke at ein også skal bygge båtar.

Etter salet av Sævik Supply i 1997 står ein ved eit vegskilje. Ei mulegheit som baud seg var å kjøpe eit skipsverft. Og når ein har skipsverft, så kan det byggast båtar. Så var ein i gang igjen også med å bygge eit nytt reiarlag.

I 2000 tek Havila over Havyard Leirvik. Verftet ytst i Sognefjorden er starten på det som skal bli skipsteknologikonsernet Havyard Group. Nokre år seinare kjøper ein også eit skipsdesignselskap. Ein ville vere med i heile verdikjeda, kome tettare på kundane og ha fleire bein å stå på.

I 2014 vert Havyard Group børsnotert. Design, system og utstyr for skip vart samla i Hav Group og gjekk på børs i 2021.

Hav Group ASA er i dag eit konsern med fleire forretningsområde; Hav Design, Hav Hydrogen, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech.